Ona, Sandøy
Sjå fyret, dei mørke uverskyene på himmelen, bårene som bryt! Men også solstreifet over husklyngja. Kjenn stormen rive i kroppen og smaken av salt når sjøsprøyten driv inn over land! Men også stille vinterdagar med klår luft og eit hav som speglar Guds himmel av. Med andre ord: Ona er verd eit besøk også utanom turistsesongen. Eg tok turen ei helg i månadsskiftet oktober – november.
Ferjeturen. Første del av opplevinga er ferjeturen frå Småge på Gossen via Orten, Sandøya, Finnøya, og så Sandøya endå ein gong, før vi set kursen mot Ona ytst ute mot havet. Eg trivst beste utandørs oppe på dekk under ferjeturen og blir reint lyrisk når eg ser ut over vårt fagre Kyst-Romsdal:
Til havs stend vår hug
der fengda kan vinnast med kløkt og med dug.
Når bymann og bonde til nattkvila gjeng,
då tusental fiskarar strekkjer si veng,
mot havet og natta han hugheil dreg ut,
den fiskande gut.
Slik lyder det når fiskarane og kystfolket sin skald, Elias Marøy, stemmer i sin Fiskarsong. Eg skal ikkje lyge på meg å vere verken fiskar eller sjøsterk, men sjølv om eg er «fjording» kjenner eg styrken og byrgskapen over landskapet og folket her ute i dette meisterverket av eit dikt. Eg grip fastare om rekkverket, svelgjer spytt og ser kvasst utover havet medan eg mumlande deklamerer det andre verset:
Vår kurs er nordvest.
Ja, det er den stemna som hugar oss best.
Når solgylte skyer i havbrynet brenn
og lovar i morgon ein soldag igjen,
då er det vel hugnad å fara der ut
for fiskande gut.
Eg må ta nokre sjanglande sidesteg når eg går i land inne i den lune hamna på Ona. Men slik skal det så vidt eg veit vere når ein har «stått sjøbein» så lenge ...
Ona-veteran. Nokre av dei 24 som bor på øya har møtt opp på ferjekaia. Ein av dei er ein av dei eldste innbyggarane på Ona, 82 år gamle Olav Viken. Han driv litt med hummarteine saman med barnebarnet sitt, Tore Viken:
– Ikkje nokon storfangst akkurat, men eg har fått fem hummarar hittil i sesongen, seier Olav Viken og viser fram eit prakteksemplar av havets kardinal.
– Korleis har samfunnet her ut utvikla seg i di levetid?
– Før i tida var Ona eit sentrum for fiskeri. No er det motsett. Ona er ein utkant også for fiske og fiskeindustri. Det er grunnen til at vi er redusert frå vel 300 innbyggarar for 60 – 70 år sidan til 24 i dag, seier Olav Viken.
Han er pensjonist, og kan sjå til bake på eit liv på sjøen som telegrafist, styrmann og kaptein i utanriksfart, fiskar på eigen båt og 10 år som skipper på redningsskøyter.
– Eg er eldst på Ona no. Då eg kom til verda i 1928, vart det fødd 12 ungar her på øya. No er vi fem igjen av det kullet. Sist det vart født noko her var for 21 år sidan. Det var barnebarnet mitt, Tore. Det seier vel sitt om utviklinga her på Ona.
– Ja, kva trur du om framtida?
– Ona blir nok ein feriestad akkurat som Bjørnsund. Den utviklinga er alt langt komen. Under den verste fråflyttinga på 1960-talet kunne du kjøpe deg eit hus på Ona for 4 – 5000 kroner. I dag går det same huset for ein million!
Ona fyr. Eg vandrar vidare frå hamna. Det er mykje å oppleve på Ona, om du er nysgjerrig nok. Og det er eg. Ekte Ona-atmosfære får du oppleve når du vandrar i dei tronge gatene mellom husa på Ona. Her er bustadhus, butikk, kiosk, keramikkverkstad og hotell med restaurant.
Ein tur opp til Ona fyr på toppen av Onakalven høyrer med – for utsynet si skuld. Herfrå ser ein at Ona er den minste av dei to øyane som er bundne saman med ei bru. Den største er Husøya og ligg rett sør for Ona.
Betongvegen opp til Ona fyr har rekkverk på begge sider. Det kjem godt med, for no bles det kraftig, og eg må halde meg fast for å stå i mot stormkasta. Eller er det kuling? Nei, dette er i alle fall minst liten storm for ein kar inne frå fjordane. Brotta utanfor Ona står til vers som fontener. Sjøen går kvit på alle kantar og eg ser sjøfokket drive frå bølgjetoppane. For eit syn!
Kunst og kultur. Eg går ned att med gode tak i rekkverket for ikkje å blåse bort. Neste post på opplevingsprogrammet er fyrvaktarbustaden rett under fyret. Der held ein av dei to keramikarane på Ona til. Turid Myrvang har drive Onakalven keramikkverkstad sidan slutten av 70-talet.
– Høgsesongen er sjølvsagt sommaren. Då strøymer det på med turistar, men eg produserer også på bestilling om hausten og vinteren, seier Turid Myrvang.
«Skatefatet» er ein av spesialitetane hennar.
– Eg fann skateegg i fjøra og vart fascinert av denne rare fisken som har noko som minner om føter, går omkring på havbotnen og legg egg. Skatefatet har form som den runde framparten på fisken, seier Turid Myrvang.
Her er fleire som driv med kunst og kunsthandverk på Ona og Husøya. Anne Marit Steinshamn driv keramikkverkstaden og utsalet Brun & blå medan bildekunstnaren ved Oddny Vasdal i Atelier HF9 på Husøya lagar målekunst i akvarell og akryl.
Etter besøket på Onakalven keramikkverksted burde eg sjølvsagt sette kursen for fjøra for å sjå etter skateegg ... Nei, det var neppe dagen for det, men eg ville gjerne sjå brenningane og brotta på nært hald. Den opplevinga kan du få forholdsvis trygt ute på moloen eller på svaberga ute på Husøya. Men det er all grunn til å passe seg. Det fins mange historier om folk som har vore uforsiktige og blitt tatt av havbårene. Også ute på moloen på Ona må ein vere forsiktig dersom det er kraftig vind og store bølgjer. Lurt å spørje lokalbefolkninga først, kanskje?
Steffogarden. Eg tek meg heller ein tur over brua til Husøya, og kan velje mellom nybrua og den restaurerte gamlebrua frå 1895. Her på Husøya er nokre av husa samla i klyngjer for å gje ly mot vêret, akkurat som på Ona, men her er også gardar og spreidd busetnad. Like ved den nye båthamna ligg Steffogarden. Dette er det eldste huset på øya, og er overtatt av «Steffogardens venner»som driv det som museum. Kjem du her ein søndag midt i sommarsesongen, kan du kjenne lukta av nysteikte vaflar og få sjå deg om inne i den raudmåla fiskarheimen. No er det vinterstengt. og eg nøyer meg med å smugkikke inn gjennom glaset.
Fjelltur. Eg klarer som vanleg ikkje å halde meg når eg ser eit fjell eller ein haug, og må difor opp både på fjellknausen bak skulen og på Heia, Husøyas høgaste fjelltopp! Også her er utsynet strålande både mot det nære og det fjerne. Ut mot havet, inn mot fjella og mot øy- og holmeriket mot sør, vest og aust. Der inne skimtar eg Saltsteinen og Kløvningen, Bjørnsund og Bud, Lyngværet og Gossen. Gjennom Julsundet ser eg Trollstolen og Blåstolen. Har du med deg eit godt kart og er interessert i stadnamn, kan du bli ståande der oppe lenge og stire utover havet. For ein namneflora: Oterholmen, Røssholmen, Håbranden, Grøntussen, Klempetussen, Kråkå, Skulkeskallinj, Lurken, Tyrken og Svenske-Andersnasen!
Eg skriv meg inn i turboka på toppen, legg meg mot vinden for å kjenne på kreftene, og ruslar ned att frå «fjellet».
Fiskemé. Sjølvsagt skulle eg hatt meg eit tur utpå for å sjå nærare på alle dess holmane, skjæra, fluene og skallane, men på Ona er det ingen som driv med verken båtutleige eller turistfiske. Det er forståeleg. Farvatnet rundt Ona er ikkje for amatørar. Det er ille nok når turistfiskarane blir overraska av ein floing inne i fjordane, her ute er det mange gonger verre når uveret bryt laus eller du blir overraska av skodde.
Med privat skyss fekk eg meg likevel ein liten fisketur. Onaværing og kollega Svein Bjørnerem må ha noko småsei som agn til hummarteinene sine, og vi får med oss den erfarne sjøulken Jan G. Røe frå Smøla som fiskar.
– Fiskeplassen i Kråksundet er lett å finne. Vi skal ha Smågehauanj i Søreggja og Oterholmskjæret i Øyarenden, seier Svein med ein likegyldig mine og ei stemme som om han snakkar om brødskive med svartsirop på.
– Hæ?
– Det var slik gamlekarane fann fram til fiskeplassane. Dei hadde mé, altså krysspeilingar ved hjelp av synlege merkje i landskapet, forklarar onaværingen til den tungnemme «fjordingen» medan smølaværingen gliser i skjegget.
Storfangst. Snart ligg vi og stampar i bølgjene der vi skal vere, i Kråksundet. Eg ser at meét stemmer: Den bratte fjellprofilen på austsida av Otrøya («Søreggja») ligg på linje med nokre markerte haugar på Gossen («Smågehauanj»). Resten av meét bryr eg meg ikkje noko særleg om. Eg har meir enn nok med å svelgje spytt og stå imot sjøsjuka, medan fiskaren dreg opp fem – seks småsei og ein og annan makrellen i kvart einaste drag. Etter ein dryg halvtime hoppar vi frå bølgje til bølgje tilbake til Ona med ein stamp halvfull av fisk.
Eg har fått med meg mykje på to haustdagar på Ona og Husøya, men eg kjem nok til å vende tilbake fleire gonger – også midt på sommaren. Farvatnet rundt Ona, Sandøya og Finnøya er eit eventyrleg område for båtfolket og for erfarne kajakkpadlarar på ein fin sommardag. Badestrand er her også. På Husøya kan du kose deg på ei av dei finaste sandstrendene i Romsdal! Fuglelivet er også ein god grunn til å besøke Ona. Ornitologar har registrert 230 fugleartar på øya.
Ona er ei stor kortreist oppleving både i storm og stille – året rundt!
