Rindal

 

Desse to pionerane var med på å legge grunnlaget for at Rindal fekk posisjonen som eit kraftsentrum for skisport, skikultur og skiproduksjon. Seinare kom mange andre toppidrettsfolk på rekkje og rad: Magnar Fosseide, Torvald Heggem, Mikal Kirkholt, Edvin, Even og Per Landsem, Reidar Helgetun, Tore Bjørnstad, Magnar Ingebrigtsli ...

Skimuseum. Med dette som bakteppe tok Kortreist i Romsdals Budstikke turen til Rindal. Vi ville vite meir om skikommunen på grensa mot Sør-Trøndelag. Ved Rindal Bygdemuseum møtte vi avdelingsleiar ved Nordmøre Museum Kari-Elin Bolme Løfaldli, ski- og friluftlivsentusiast Harald Solvik og to av dei som representerer framtida for skisporten i bygda, 11-åringane Joar Svinsås og Lars Ole Løset. Alle med ski på beina. Det har nesten alle i Rindal, nesten heile tida. Trur eg!

Etter at rekruttane hadde hatt oppvisning i skøytestil på skareføret på museumstunet, inviterte Kari-Elin Bolme Løfaldli oss inn for å sjå dei skihistoriske samlingane på loftet i Løsetlåna. Og for eit syn!

Skiproduksjon. Vi startar på den gamle skifabrikken på loftet. Her står vi midt i miljøet slik det må ha sett ut på mange gardar på 17- og 1800-talet når dei praktiserte lokalt skihandverk med enkle reiskap. Ut i skogen for å finne gode emne av bjørk, og så vart heile prosessen gjennomført til ferdig ski. Desse lokale skihandverkarane var ein del av ein lang tradisjon. Helleristningar frå steinalderen i Rødøy, Alta og Snåsa viser folk på ski, og det eldste norske skifunnet, Vefsn-skia frå Nordland, er datert til 3250 år f. Kr.

Etter bygdehandverkarane kom små og etter kvart større skifabrikkar. Også her har Rindal spelt ein stor rolle, og det kjem tydeleg fram også på skiavdelinga ved Rindal Bygdemuseum. Utstillinga viser utviklinga frå kjøkenloft til storindustri, seier Kari-Elin Bolme Løfaldli:

– Vi har hatt fire skifabrikkar i Rindal. Først ute var Rindal Skifabrikk (Haltli-skia) som dreiv frå 1918 til 1978. Dei hadde 3–4 tilsette og lage om lag 1000 skipar i året. Trollheimen Skifabrikk (1960 -66) hadde to tilsette og lage 100 skipar i året. Trollski (1969 -83) hadde 40 tilsette. Den største av dei alle, Landsem Skifabrikk vart oppstarta i 1946 og heldt gåande lengst av alle, til 1988. Dei hadde på det meste 70 tilsette og produserte 100.000 par ski i året.

Historiske ski. Ei stor skisamling fortel om Rindals posisjon som skiprodusent i eliteklassen. Her finn vi ski signert av kjende idrettsfolk som har vunne store nasjonale og internasjonale konkurransar. Denne unike skisamling tek opp ein stor del av plassen på nystugguloftet i Løsetlåna.

– Sjå her! Dette er skiene Edvin Landsem brukte då han vart noregsmeister på 50 -kilometeren på Tretten i 1951. Og her: Skiene han brukte då han tok femteplassen med knekt stav i VM i Falun i 1954, seier Harald Solvik.

Ein annan Landsem, Even Landsem, søskenbarnet til Edvin, var også god i skisporet, men han er først og fremst kjent som mannen som starta Landsem Skifabrikk. Han begynte med heilstokkski på loftet heime, men etter nokre år var Landsem ein av Noregs største skifabrikkar. Merkenamnet «Landsem» kling framleis av kvalitet i skiverda.

Vidare bortover i skiavdelinga ved Rindal Bygdemuseum står ski laga i Rindal som har vore brukt av kjende norske langrennsløparar som har tatt gull og fått gode plasseringar i NM, VM og OL: Sverre Stensheim, Einar Østby, Magnar Lundemo, Kristen Kvello, Harald Grønningen, Gjermund Eggen, Ole Ellefsæter, Berit Aunli, Marit Myrmel, Oddvar Brå, og ikkje minst «Takk for gode ski» frå mannen som vart den siste i skihistoria som vart verdsmeister på treski, Magne Myrmo.

Ein eller to stavar? Vi held fram frå den eine attraksjonen etter den andre. Her er mykje å sjå for folk med interesse for ski og skihistorie. Her finn skistavar frå den tida då ein stav var nok. Først i 1887 vedtok Skiforeningen ei regelendring som gjorde at det vart lov til å bruke to skistavar i konkurransar! Ein typisk Rindal-stav frå midten av 1800-talet skulle helst ha fine utskjeringar og heldt seg til skireglementet frå 1733: «Skistaven skal være av godt fast tre og lige saa høi som Karlen er self.»

Det første moderne skirenn med tidtaking i Noreg vart arrangert i Tromsø i 1943. Det var skipioner og seinare sokneprest i Vestnes, Otto Theodor Krogh som inviterte folk til «at forsøge sine Skiers Hurtighed og sine Kræfters Utholdenhed». Surnadalingane var og tidleg ute med ei helg med «Skiløbermøde». Det første kjende skirennet i Rindal fann stad 11. mars 1894 i regi av ungdomslaget Fram. Legevitskapen var skeptisk til farane ved store fysiske påkjenningar, og i ei periode var det vanleg å måle både pulsen og pust i tillegg tid tida på skiløparane når dei kom i mål. Vi kjenner likevel ikkje til at førstemann vart frådømt sigeren fordi han hadde for høg puls, eller var i meste laget andpusten når han kom i mål!

Rindal skimuseum. Vi vandrar vidare i skihistoria oppe på loftet i Løsetlåna. Her er skismurning som minner oss om utviklinga frå heimkok basert på tjøre, grammofonplater og sykkelslangar til våre dagars voks på boks og klister på tube.

Klesdrakter fortel også skihistorie, og sersjant Ole Fosseide frå Rindal hadde gode råd å komme med i ei tid før «kondomdressane» slo gjennom: «Gjør aldrig Drakten for snæver, lad den helt ud være anstendig. Tag i saa henseende tilbørlig Hensyn til Publikum og Tilskuere.»

Skisamlinga ved Rindal Bygdemuseum er ein imponerande dokumentasjon av vår lokale skihistorie, men snart skal kjøkenloftet på Løsetlåna få avløysing. Om eit par år skal eit nytt, stort skimuseum vere på plass i skibygda Rindal.

– Heggemsfjøset frå Romundstadbygda, eit bygg frå 1776, skal flyttast til Rindal Bygdemuseum og byggast om til eit moderne skimuseum, fortel avdelingsleiar Kari-Elin Bolme Løfaldli ved Nordmøre museum.

Rindal er framleis ein stor skikommune. Her går det preparerte skispor med tilbod både for milslukarar og for trimmarar som vil ha ei runde rundt Tjønna. Vil du ha meir, er Trollheimen næraste nabo.

Og berre for å ha sagt det. I Rindal har dei aldri høyrt om folk som går til fots i skiløypene. Dei har skikultur i Rindal!